Tidsline for utbrotet av første verdskrigen
|
- 28. juni: Skota i Sarajevo drap Franz Ferdinand og kona hans.
- 5./6. juli: Austerrike-Ungarn fekk full handlekraft og lovnad om støtte frå Tyskland
- 20. til 23. juli: Den franske regjeringa vitja St. Petersburg
- 23. juli: Austerrike-Ungarn la fram eit ultimatum til Serbia
- 25. juli: Serbisk hadde vilkår til delar av ultimatumet
- 25. juli: Delvis austerriksk mobilisering
- 28. juli: Austerrike-Ungarn erklærte krig mot Serbia
- 30. juli: Full russisk mobilisering
- 31. juli: Full austerriksk mobilisering
- 31. juli: Tysk ultimatum mot Russland om at landet måtte innstilla mobiliseringa
- 31. juli: Tysk ultimatum mot Frankrike, om å erklære seg nøytral
- 1. august: Full tysk mobilisering og krigserklæring mot Russland
- 3. august: Tyskland erklærte krig mot Frankrike
- 3. august: Tyske troppar marsjerte inn i Belgia
- 4. august: Storbritannia erklærte krig mot Tyskland
- 8. august: Storbritannia erklærte krig mot Austerrike-Ungarn
|
Illustrasjon av drapet frå franske Le Petit Journal, 12. juli 1914.
«Skota i Sarajevo» er nemninga på attentatet mot den austerrikske tronarvingen Franz Ferdinand og kona hans medan dei vitja Sarajevo i 1914. Attentatet blei den utløysande årsaka til første verdskrigen.