Skrova

Skrova
Foto: Svein-Magne Tunli

Foto: Svein-Magne Tunli

Geografi
Stad Lofoten
Koordinatar 68°9′52″N 14°41′27″E / 68.16444°N 14.69083°E / 68.16444; 14.69083

Høgaste punkt Storskrova (281 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 202 (2008)

Skrova er namnet på ei øygruppe og eit fiskevær i Vågan kommune i Lofoten, om lag 4 km sør for Svolvær. Fiskeværet ligg hovudsakleg på Heimskrova. Normalt vert ikkje namnet Heimskrova nytta, men berre Skrova. Skrova hadde 202 innbyggjarar i 2008.

Havstykket mellom Svolvær og Skrova vert kalla Hølla. På motsett side av Skrova ligg Vestfjorden.

Øygruppa består av Storskrova, Heimskrova og i tillegg ei rekkje mindre øyar og holmar. Dei fleste av desse er knytt til kvarandre med moloar og ei bru.

Skrova er kjend for tilknytinga si til lofotfiske og kvalfangst.

Skrovafjellet ligg på Storskrova. Fjelltoppen er 281 moh., og er eit turistmål på øyane. Skrova er elles ein av haldestadene til Nordlandsekspressen mellom Bodø og Svolvær.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne