Skulderbladet eller akselbladet, stundom kalla skapula (av latin scapula), er ein knokkel i det menneskelege skjelettet som bind saman skjelettet i overkroppen med armane. Dei to skulderblada ligg på ryggsida av brystkassa og er tynne, flate og uregelbunde trekanta i forma. Det dannar ledd mot kragebeinet, clavicula, og overarmsbeinet, humerus, og saman med kragebeina så utgjer skulderblada skulderbogen, cingulum extremitas superioris.
Dei i alt seksten musklane som festar på skulderbladet sine to ytterflater, facies dorsalis og facies costalis, tre kantar, margo lateralis, margo medialis og margo superior, og tre vinklar, angulus lateralis, angulus superior og angulus inferior[1], gjer skuldra til den mest rørlege leddet i menneskekroppen.
Skulderbladet har to beinframspring, nemleg skulderhøgda, acromion, og ramnenebbet, proc. coracoideus. Begge desse går ventralt og tener som utspring og festar for ymse musklar.