Slade | |||
Slade i november 1973; venstre til høgre: Jim Lea, Don Powell, Noddy Holder og Dave Hill | |||
Alias | The N'Betweens (1966–1969) Ambrose Slade (1969) The Slade (1969–1970) Slade II (1992–2002) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Wolverhampton i Staffordshire i England | ||
Aktiv | Sidan 1966 | ||
Sjanger | |||
Plateselskap | Fontana, Polydor, Cotillion, RCA, CBS, Cheapskate, Barn | ||
Tidlegare medlemmer | Noddy Holder Jim Lea Don Powell Steve Whalley Steve Makin Trevor Holliday Dave Glover Craig Fenney Mal McNulty |
Slade er eit engelsk rockeband skipa i Wolverhampton i 1966. Det slo gjennom i glamrocktida tidleg i 1970-åra,[1] og fekk 17 topp 20-hittar på rad og seks av dei gjekk til topps på UK Singles Chart. British Hit Singles & Albums kåra dei til den mest suksessrike britiske gruppa den mest suksessrike i 1970-åra basert på singelsal. Dei var det første bandet som fekk tre singlar rett inn på toppen av lista, og dei seks førsteplassane dei hadde var alle skrivne av Noddy Holder og Jim Lea. I 2006 hadde dei selt 6,5 millionar plater i Storbritannia, og den bestseljande singelen deira «Merry Xmas Everybody» har selt over ein million eksemplar.[2] I følgje ein BBC-dokumentar i 1999 hadde bandet selt over 50 millionar plater verda over.[3]
Etter ei mislykka flytting til USA i 1975, vart Slade mindre populært i Storbritannia, men vart uventa gjenoppliva i 1980 då det i siste augneblink var erstatning for Ozzy Osbourne på Reading Rock Festival. Bandet erkjente seinare at dette var eit av høgdepunkta i karrieren. Den opphavlege besetninga vart oppløyst i 1992, men skipa opp att seinare på året som Slade II. Bandet har framleis, med ei rekkje besetningsendringar, halde på fram til i dag. Dei har òg forkorta gruppenamnet attende til Slade.
Ei rekkje artistar frå forskjellige sjangrar har nemnt Slade som ein innverknad, inkludert Nirvana, Smashing Pumpkins, Ramones, Sex Pistols, The Undertones, The Runaways, The Clash, Kiss, Mötley Crüe, Poison, Def Leppard, Twisted Sister, The Replacements, Cheap Trick, Oasis, Quiet Riot (der to av dei tre største hittane deira var Slade-songar) og Britny Fox. The Illustrated Encyclopaedia of Music fortel om den mektige røysta til Holder, gitaristen Dave Hill si like fengslande speling, og bevisst feilstaving av songtitlane til bandet (til dømes «Cum On Feel the Noize» og «Mama Weer All Crazee Now») som det vart godt kjent for.[4]