Slaget ved Rio de Janeiro i 1710 var eit mislukka raid av ein fransk kaperflåte på den portugisiske kolonibyen Rio de Janeiro i august 1710 under den spanske arvefølgjekrigen. Raidet var nesten fullstendig mislukka. Kommandanten Jean-François Duclerc og meir enn 600 mann vart tekne til fange. Portugisarane nekta å sleppe laus eller utveksle fangane og dette medverka til at franskmennene utførte eit nytt vellukka raid året etter.
Duclerc vart myrda i fangenskap i mars 1711 av ukjende drapsmenn.[1]
- ↑ Boxer, s. 91