Slaget ved Chiari | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
Slaget ved Chiari, av Jan van Huchtenburg. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Habsburgmonarkiet | Frankrike Spania Hertugdømet Savoie | ||||||
Kommandantar | |||||||
Eugene av Savoie | Duc de Villeroi |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Slaget ved Chiari vart utkjempa den 1. september 1701 under den spanske arvefølgjekrigen. Striden var ein del av felttoget til prins Eugene av Savoie for å ta det spanskkontrollerte hertugdømet Milano på Den italienske halvøya, og kom etter sigeren hans over marskalk Catinat i slaget ved Carpi i juli. Marskalk Villeroi erstatta Catinat som kommandant over den fransk-spansk-savoieiske styrken på krigsskodeplassen, og hadde med seg ordre frå kong Ludvig XIV om presse keisarstyrkane ut av Italia. Eugene føresåg intensjonen til Villeroi om å gå til åtak til ein kvar pris, og grov seg ned føre den vesle festninga Chiari, og venta på eit åtak. I slaget som varte fleire timar, påførte austerrikarane styrkane til Villeori store tap, og tok ein overveldande siger. Felttoget etablerte Eugene i Lombardia, og var med på å overtale Dei maritime maktene om å støtte keisaren. I løpet av ei veke etter slaget hadde England, Dei sameinte Nederlanda og Leopold I, signert den andre avtalen til Storalliansen.