Slaget ved Fleurus | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av niårskrigen | |||||||
![]() Slaget ved Fleurus av Pierre-Denis Martin | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
![]() |
![]() ![]() ![]() | ||||||
Kommandantar | |||||||
Duc de Luxembourg | Prinsen av Waldeck | ||||||
Styrkar | |||||||
35 000[1] | 38 000 | ||||||
Tap | |||||||
3 000 døde,[2] 3 000 skadde |
6 000 døde, 5 000 skadde, 8 000 tekne til fange |
Slaget ved Fleurus, utkjempa den 1. juli 1690, var eit stort slag i niårskrigen. I ei dristig kringsetjing slo Duc de Luxembourg, som kommanderte armeen til Ludvig XIV på kring 35 000 mann, grundig den allierte styrken til prins Waldeck på om lag 38 000 mann, som hovudsakleg bestod av nederlandske, tyske og spanske soldatar.[1] Trass i tap på om lag 6 000 mann, var slaget ein klår siger for den franske kommandanten, men typisk for perioden var slaget langt frå avgjerande. Sjølv om den franske krigsministeren Louvois, ønskte å presse på vidare og sikre vidare suksess, overstyrte kong Ludvig han og gav Luxembourg ordre om å forsterke armeen til dauphinen ved Rhinen og gå forut for nokre store omleiringar. Dei allierte trekte seg samstundes attende til Brussel for å byggje opp att armeen sin.