Slaget ved Fraustadt | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den store nordiske krigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Sverige | Sachsen Russland Det polsk-litauiske samveldet | ||||||
Kommandantar | |||||||
Carl Gustaf Rehnskiöld | Johann Matthias von der Schulenburg | ||||||
Styrkar | |||||||
3700 infanteristar 5,700 kavaleristar, ingen artilleri Total: 9400 mann |
15 300 infanteristar (9 000 saksarar, 6 300 russarar), 4 000 kavaleristar (saksarar), 32 større kanonar og 50 mindre bombekastarar med kring 700 mann[1] Total: 20 000 mann | ||||||
Tap | |||||||
Kring 400 drepne, 1 000 skadde[2] Totale tap: 1400 mann |
7 377 drepne, 7 300–7 900 fanga[3] Totale tap: kring 15 000 mann |
Slaget ved Fraustadt vart utkjempa den 13. februar 1706 mellom Sverige og Sachsen-Polen og deira russiske allierte nær Fraustadt (dagens Wschowa) i Polen. Under slaget ved Fraustadt var August II berre om lag 120 km unna med ein kavaleristyrke på 8000 mann. Dette var ein av hovudgrunnane til at den svenske generalen Rehnskiöld var rask med å gå til åtak på Schulenburg. Slaget er eit døme på ein knipetongmanøver utført med godt resultat og var ein av dei største sigrane til Sverige under den store nordiske krigen.