Slaget ved Ramillies | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av tden spanske arvefølgjekrigen | |||||||
Det engelske kavaleriregimentet bryt gjennom på høgrefanlken, som ein her ser tar paukeslagaren til den bayerske vaktgarden til kurfyrsten. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Allierte styrkar: Dei sameinte Nederlanda England |
Frankrike Kurfyrstedømet Bayern Spania | ||||||
Kommandantar | |||||||
Hertugen av Marlborough Grev Overkirk |
Duc de Villeroi Maximilian II Emanuel | ||||||
Styrkar | |||||||
62 000 menn[1] 90 kanonar 20 bombekastarar |
60 000 menn 62 kanonar | ||||||
Tap | |||||||
1 066 døde, 2 597 skadde |
20 000 døde eller tekne til fange |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Slaget ved Ramillies var eit stort slag i den spanske arvefølgjekrigen den 23. mai 1706. Møtet vart ein stor suksess for dei allierte styrkane til Dei sameinte Nederlanda, England og deira reservar;[2] slaget kom etter eit år med uavgjorte felttog i 1705, der alliert overmot og nederlandsk nøling etter suksessen deira med slaget ved Blenheim hadde ført til at felttoget langs Moselle vart avbroten, slik at Hertugen av Marlborough måtte avbryte planane sine om å invadere Frankrike. Sjølv om dei allierte ikkje hadde fått ein avgjerande siger, ønskte Ludvig XIV fred, men han ønskte det med gunstige vilkår. Derfor valde dei franske armeane å vere offensive, i staden for å vere på defensiven.
Året 1706 hadde starta bra for generalane til Ludvig XIV, som hadde hatt suksess i Italia og Alsace, der marskalk Villars hadde tvunge markgreven av Baden til å trekkje seg attende over Rhinen. Ludvig pressa no marskalk Villeroi til å finne Marlborough og føre dei allierte i slag i Dei spanske Nederlanda. Den franske marskalken sette derfor ut frå Leuven (Louvain) med 60 000 mann, og marsjerte provoserande mot Zoutleeuw (Léau). Marlborough, som òg ønskte eit storslag, samla styrkane sine, om lag 62 000 mann – nær Maastricht, før han rykte fram mot Mehaigne og sletta ved Ramillies der franskmennene, i påvente av slag, alt hadde sett opp linjene sine.
På mindre enn fire timar vart armeen til Villeroi grundig slått. Dei små taktiske endringane Marlborough gjorde undervegs i slaget gjekk hus forbi for dei franske og bayerske kommandantane før dei skjønte det var for seint. Den fransk-bayerske armeen braut saman og sette i gang ein masseflukt. Etter at prins Eugene vann i Torino nord i Italia, hadde dei allierte påført Ludvig XIV dei største tapa av landområde han skulle oppleve under krigen. By etter by, inkludert Brussel, Brugge og Antwerpen – fall til styrkane til Marlborough og mot slutten av felttoget var den fransk-spanske armeen for det meste driven ut av Dei spanske Nederlanda. 1706 vart eit merkeår for dei allierte.