Slaget ved Vigobukta | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
Slaget ved Vigobukta av Ludolf Backhuysen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
England Dei sameinte Nederlanda |
Frankrike Spania | ||||||
Kommandantar | |||||||
George Rooke Philips van Almonde |
Château-Renault Manuel de Velasco | ||||||
Styrkar | |||||||
25 linjeskip + fregattar og brannskip[1] |
15 franske linjeskip 3 spanske gallionar + fregattar, brannskip og transportskip[a] | ||||||
Tap | |||||||
~200 drepne | Alle skip brende eller kapra ~2 000 drepne[2] |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Slaget ved Vigobukta, òg kjend som slaget ved Rande var eit sjøslag utkjempa den 23. oktober 1702 under dei første åra av den spanske arvefølgjekrigen. Krigshandlinga kom til etter eit engelsk-nederlandsk forsøk på å ta den spanske hamnebyen Cádiz i september i eit forsøk på sikre seg ein marinebase på Den iberiske halvøya. frå denne stasjonen håpte dei allierte å drive operasjonar i det vestlege Middelhavet, særleg mot franskmennene i Toulon. Dette forsøket vart mislukka, men då admiral George Rooke var på veg heimover tidleg i oktober, fekk han meldingar om at den spanske sølvflåten frå Amerika, lasta med sølv og varer, hadde nådd Vigobukta nord i Spania. Rook valde å gå til åtak med ein gong.
Krigshandlinga vart ein overveldande suksess for dei allierte: heile den franske eskorteflåten under Château-Renault, i lag med dei spanske gallionane og transportskipa under Manuel de Velasco vart anten kapra eller øydelagde. Fordi det meste av skatten hadde vorte lossa før åtaket, fekk ikkje Rooke tak i størsteparten av sølvlasta. Likevel var sigeren ein stor oppmuntring for dei allierte og var medverkande til å overtale den portugisiske kongen Peter II til å gå bort frå den tidlegare avtalen sin med franskmennene og verte medlem av Storalliansen.
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne