Slaget ved Walcourt | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av niårskrigen | |||||||
[[Fil:|300px]] | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Frankrike[1] | Dei sameinte Nederlanda England Skottland Det tysk-romerske riket Spania | ||||||
Kommandantar | |||||||
Duc de Humières | Prinsen av Waldeck John Churchill, hertugen av Marlborough | ||||||
Styrkar | |||||||
24 000[2] | 35 000 | ||||||
Tap | |||||||
~600–2000 drepne eller skadde | ~100–300 drepne eller skadde[3] |
Slaget ved Walcourt vart utkjempa 25. august 1689 under niårskrigen. Slaget fann stad nær den gamle byen Walcourt nær Charleroi i Dei spanske Nederlanda og enda ein sommar utan store hendingar med marsjering, manøvrering og furasjering. Slaget vart ein suksess for Storalliansen – den eineaste nemneverdinge hendinga på denne krigsskodeplassen under felttoget i 1689.
Den allierte armeen vart kommandert av prinsen av Waldeck og den franske armeen av duc de Humières. Franskmennene tapte 2 000 mann under slaget medan dei allierte tapte mindre enn 300. Den allierte sigeren vart ei gledeleg opning av krigen for kong Vilhelm III og alliansen, men for Humières tydde det slutten og han vart erstatta året etter av duc de Luxembourg.