Slaget ved Zenta eller Slaget ved Senta vart utkjempa den 11. september 1697 like sør for Zenta (serbisk Senta, i dagens Serbia), på austsida av elva Tisza, og var eit stort slag i den store tyrkiske krigen (1683–1699) og eit av dei mest avgjerande nederlaga i osmansk historie. I eit overraskande åtak, utsletta habsburgske keisarstyrkar den osmanske armeen som var i ferd med å krysse elva. Med eit tap på berre nokre hundre mann, påførte keisararmeen osmanarane eit tap på kring 30 000 mann, medan resten vart spreidd. Som følgje av slaget mista Det osmanske riket kontroll over Bosnia, men i det lange løpet var sigeren til habsburgarane ved Zenta eit avgjerande steg som pressa Det osmanske riket til freden i Karlowitz (1699), som stoppa den osmanske kontrollen over store delar av Sentral-Europa. Etter denne avtalen, vart det habsburgske Kongedømet Ungarn gjort større og omfata landområde som ein gong hadde høyrt til det mellomalderske Kongedømet Ungarn (på 1500-talet vart kongedømet Ungarn delt mellom Habsburgmonarkiet (sjå Kongelege Ungarn), Det osmanske riket (sjå Osmansk Ungarn) og Det austungarske kongedømet med senter i Transilvania).