Sleepy John Estes | |||
| |||
Fødd | 25. januar 1899 eller 1900 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ripley i Tennessee i USA | ||
Død | 5. juni 1977 (78 år) | ||
Dødsstad | Brownsville i Tennessee | ||
Fødenamn | John Adam Estes | ||
Alias | Sleepy John Estes | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1929–1977 | ||
Sjanger | Countryblues, blues | ||
Instrument | Vocals, gitar | ||
Tilknytte artistar | Yank Rachell, Hammie Nixon | ||
Plateselskap | Bluebird, Delmark | ||
Verka som | songar-låtskrivar, bluesmusiker, gitarist, plateartist |
John Adam Estes (25. januar 1899–5. juni 1977)[1][2] kjend som Sleepy John Estes, var ein USA-amerikansk bluesgitarist, låtskrivar og vokalist.
Estes mista synet på høgre auga då ein ven kasta ein stein på han.[2] 19 år gammal byrja han å spele profesjonelt, ofte i lag med Hammie Nixon på munnspel og James «Yank» Rachell, ein gitarist og mandolinist. Estes spelte av og på med begge desse musikarane dei neste femti åra. Estes gjorde den første innspelinga si i 1929 i Memphis i Tennessee for Victor Records.[2] Han spelte inn songane «Drop Down Mama» og «Someday Baby Blues» med Nixon i 1935. Han arbeidde seinare med Son Bonds og Charlie Pickett.[3] Seinare spelte han òg inn for Decca Records og Bluebird Records før andre verdskrigen.[2] Han var attende i studio i Sun Studio i Memphis i 1952, og spelte inn «Runnin' Around» og «Rats in My Kitchen», men var elles lite aktiv i 1940- og 1950-åra.
Estes døydde av slag då han førebudde ein europeisk turné 5. juni 1977 i heimen sin i Brownsville i Tennessee.[2][4][5]
I 1991 vart Estes innlemma i Blues Hall of Fame.[4]