Slovenská Republika
(norsk: Slovakia, slovakisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Nad Tatrou sa blýska» | ||||||
Motto | Ukjent | ||||||
Offisielle språk | Slovakisk | ||||||
Hovudstad | Bratislava | ||||||
Styresett |
Republikk Peter Pellegrini Robert Fico | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
49 035 km² (128.) nær 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
5 445 829 (116.) 111,1 /km² (72.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Delinga av Tsjekkoslovakia 1. januar 1993 | ||||||
Nasjonaldag | 1. september | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
158 400 mill. USD (71.) 31 000 USD (42.) | ||||||
Valuta | Euro | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +421 | ||||||
Toppnivådomene | .sk
|
Den slovakiske republikken (forkorta til Slovakia; slovakisk Slovensko eller Slovenská republika) er eit land i Sentral-Europa med over fem millionar innbyggjarar fordelt på om lag 49 000 km². Det grensar til Tsjekkia og Austerrike i vest, Polen i nord, Ukraina i aust og Ungarn i sør. Den største byen er hovudstaden, Bratislava. Slovakia er medlemsland i Den europeiske unionen, NATO, SN, OECD, WTO, UNESCO og andre internasjonale organisasjonar.
Det slaviske folket kom til området som i dag er Slovakia på 400- og 500-talet, under folkevandringstida. I løpet av historia har Slovakia høyrt til Samo-riket (den første kjende politiske eininga til slavarane), Stor-Mähren, Kongedømet Ungarn, Habsburgmonarkiet, Austerrike-Ungarn og Tsjekkoslovakia. Dagens Slovakia vart ein sjølvstendig stat den 1. januar 1993 etter den fredelege delinga av Tsjekkoslovakia under fløyelsrevolusjonen. I lag med Tsjekkia var landet det siste i Europa som fekk sjølvstende på 1900-talet.
Slovakia har den raskast veksande økonomien i EU og OECD (2007).[1] Landet vart medlem av EU i 2004 og eurosona i 2009.