Snikkar

Snikkarar avbilda i eit egyptisk gravkammer.

Ein snikkar er ein handverkar som driv fint arbeid med tre, til forskjell frå ein tømrar, som gjer grovare arbeid. Snikkarfaget er eit svært gammalt yrke. Tradisjonelt har ein delt det inn i møbel-, maskin- og bygningssnekring; i dag er det delt inn i møbelsnekring og i trevare- og bygginnreiing. Snikkarar kan òg spesialisera seg innan mindre område, som treskjering, tredreiing, bøkkarfag eller båtbyggjing.

Snikkar i verkstaden sin.
Foto: Tom Allen

Snikkarar utfører hovudsakleg arbeid med inventar i hus — altså møbel, kjøken, bad, vindauge, dører og trapper. Dei jobbar sjeldan på byggeplassen, men gjer arbeidet sitt på ein snikkarverkstad. Grensa mellom kva som er omfatta av snikkarfaget og kva som er tømring er omstridd, og faga går framleis i noko grad over i kvarandre.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne