So av Peter Gabriel

So
Studioalbum av Peter Gabriel
Språk engelsk
Utgjeve 19. mai 1986
Innspelt Februarr til desember 1985
Studio Ashcombe House i Somerset (Swainswick)
Sjanger
Lengd 46:25
Selskap
Produsent
Peter Gabriel-kronologi 
Birdy
(1985)
So Passion
(1989)


Singlar frå So
  1. «Sledgehammer»
    Utgjeve: April 1986[3]
  2. «Don't Give Up»
    Utgjeve: September 1986
  3. «In Your Eyes»
    Utgjeve: September 1986
  4. «Big Time»
    Utgjeve: Februar 1987
  5. «Red Rain»
    Utgjeve: Juni 1987

So er det femte studioalbumet til den engelske musikaren Peter Gabriel, gjeve ut 19. mai 1986 på Charisma Records. Etter å ha arbeidd på musikken til filmen Birdy (1984), vart produsenten Daniel Lanois invitert heim til Gabriel i 1985 for å arbeide på det neste soloprojektet hans. Dei første innspelingane for So bestod av Gabriel, Lanois og gitaristen David Rhodes, før dei trekte inn fleire perkusjonistar.

Sjølv om Gabriel fortsette å bruke Fairlight CMI-synthesizer på nyskapande vis, var songane frå desse innspelingane mindre eksperimentelle enn dei tidlegare albuma hans. Gabriel henta inspirasjon frå fleire musikalske hald, og blanda pop, soul og kunstrock med element av tradisjonell verdsmusikk, særskild afrikansk og brasiliansk musikk. Gabriel turnerte med So på This Way Up-turneen (1986–1987), med somme songar framført på konsertar til støtte menneskerettar og veldedige organisasjonar.

Det vert ofte trekt fram som hans beste og mest tilgjengelege album, og So vart raskt ein salssuksess og omgjorde Gabriel frå å vere ein kultartist til ei stjerne. Albumet vart hans bestseljande. Det har oppnådd 5x platinaplate i USA og 3x platinaplate i Storbritannia. Den første singelen frå albumet, «Sledgehammer», vart marknadsført med ein nyskapande, animert musikkvideo og vart særskild populær. Songen gjekk til topps på Billboard Hot 100 og vann sidan ni prisar på MTV Video Music Awards. Fire andre singlar vart òg gjevne ut frå albumet, «Don't Give Up» (ein duett med Kate Bush), «Big Time», «In Your Eyes» og «Red Rain».

Albumet fekk positive meldingar frå dei fleste kritikarane, som roste låtskrivinga, melodiane og blandinga av sjangrar. Enkelte seinare meldingar har derimot kritisert den kommersielle stilen og den 80-talsprega produksjonen. So vart nominert til årets album i USA i 1987, men tapte for Paul Simon sitt Graceland. Det har ofte vore med på lister over dei beste albuma frå 1980-åra og vart rangert på 187. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. So vart ommastra i 2002, og dels spelt inn på ny av Gabriel i 2011 for orkesterprosjektet New Blood og gjeve ut i ein plateboks i 2012.

  1. Easlea 2013, s. 378.
  2. Nielsen Business Media, Inc (20. september 1986). «Hot 100 Singles for week ending 20. september 1986». Billboard 98 (38): 74. Henta 22. mars 2020. 
  3. All of these release dates pertain to their release in the Storbritannia,[1] except «In Your Eyes» which was released in the US in September 1986.[2]

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne