Sofia

Sjå òg namnet Sofie og Sofia församling i Sverige
Sofia
София
Kommune
Alexander-Nevski-katedralen i Sofia
Flagg
Våpenskjold
Land  Bulgaria
Provins Sofia
Del av Shopluk
Koordinatar 42°41′51″N 23°19′27″E / 42.69750°N 23.32417°E / 42.69750; 23.32417
Høgd 550 m
Areal 1 329,428 km² [1]
Folketal 1 274 290  (2021)[2]
Folketettleik 958,53 / km²
Ordførar Bojko Borisov
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Sofia
42°41′52″N 23°19′18″E / 42.697886°N 23.321726°E / 42.697886; 23.321726
Sofia kommune i Bulgaria
Sofia kommune i Bulgaria
Sofia kommune i Bulgaria
Wikimedia Commons: Sofia
Nettstad: sofia.bg

Sofia (bulgarsk София, Sofija) er hovudstaden og den største byen i Bulgaria. Byen ligg i den vestlege delen av landet, i Sofiadalen ved foten av fjellet Vitosja, og er det administrative, kulturelle og økonomiske senteret i landet. Byen har vel 1,2 millionar innbyggjarar, og er med det den 15. største byen i EU.

Kommunen Sofia, som òg blir omtalt som «Hovudstad» (bulgarsk Столична), er den einaste kommunen i byprovinsen Sofia. Han omfattar sjølve byen Sofia, dei tre mindre byane Novi Iskăr, Bankja og Bukhovo, i tillegg til 34 andre busetnader.

Sofia er ein av dei eldste hovudstadane i Europa, og har ei historie som strekkjer seg tilbake til 700-talet fvt., då thrakarar busette seg her. Byen har mellom anna òg vore romersk busetnad. Namnet på byen kjem frå gresk og betyr «visdom», og byen har hatt mange forskjellige namn gjennom tidene, og ein kan framleis sjå spor etter den lange historia til byen.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Areal
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Folketeljing2021

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne