Sola kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Adm.senter | Solakrossen | ||
Areal | 69,05 km² | ||
• land | 68,83 km² | ||
• vatn | 0,22 km² | ||
Folketal | 29 153 (1. januar 2025) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Janne Stangeland Rege (H) | ||
Kommunenr. | 1124 | ||
![]() Sola kommune 58°52′48″N 5°37′43″E / 58.88°N 5.628611°E | |||
Wikimedia Commons: Sola | |||
Nettstad: www.sola.kommune.no |
Sola er ein kommune i Rogaland fylke med om lag 27 669 innbyggjarar per 1. januar 2022.[1] Det bur 14 125 i Solakrossen, 6 528 i Tananger, 970 i Hålandsmarka og 1056 i Stenebyen.[2] Ved inngangen til 1980 var folkemengda i kommunen 12 323. Sola kommune tilsvarar det som frå 1840 heitte Sola sokn i Håland herad.
Det er sju valkrinsar i Sola kommune; Tananger, Sola, Håland, Dysjaland, Stangeland, Røyneberg og Grannes.
I Sola kommune ligg Stavanger lufthamn, Sola, Hovudredningssentralen for Sør-Noreg og Sola flystasjon, i tillegg finn ein eit industriområde med eit stort hamneanlegg i Risavika der mellom anna Fjordline har eit ferjesamband over til Hirtshals.