Soldat

Fransk elitesoldat i kampuniform på PR-oppdrag på Forsvarets dag i 2005.

Soldat er ein person som høyrer til eit militærvesen.[1] Dette er vanlegvis ein person som har fått militær grunnutdanning og som høyrer til dei væpna styrkane i eit land. Soldat blir oftast brukt om nokon som gjer teneste som verva eller vernepliktig, og som har fått trening og utstyr til å forsvare landet og landet sine interesser. Soldatar er del av eit sterkt hierarkisk system der soldatane blir delt inn i fleire underavdelingar med ulike oppdrag, storleik, utdanning og utstyr.

Ordet soldat kjem frå mellomalderlatin solidatus og betyr eigenleg «ein person som får sold», der «sold» er løn som leigesoldat. Sjølv om ordet kan brukast om personar frå lågaste til høgaste grad, blir soldat i dagleg tale ofte brukt om ein vanleg meinig.[1]

I vidare forstand kan omgrepet soldat brukast om alle slags organiserte og væpna krigarar, og også om «kjempende» medlemer av militærliknande grupperingar som for eksempel Frelsesarmeen.

  1. 1,0 1,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SNL

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne