Solodans innan den indiske danseforma kathak.Leo Bei speler bassolo i 2019.
Solo (italiensk for ‘åleine’) er ei sjølvstendig framføring innan musikk.[1] Det kan visa til eit stykke, ei framføring eller ein artist. Ein person som opptrer åleine kan ein kalla solist.[2] Artistar som opptrer for seg sjølv i staden for med ei musikkgruppe kan ein kalla soloartistar, eller ein kan seia at dei gjer solokarriere.
Eit solo musikkstykke kan framførast med eller utan akkompagnement.[3][4] I tillegg til musikk kan ein også bruka omgrepet om soloteater[5] og solodans.