Solovej

«Solovej»
Song av Go_A
Land Ukraina
Språk Ukrainsk
Utgjeve 4. februar 2020
Sjanger Folktronica
Lengd 02:55
Selskap Rocksoulana
Låtskrivar(ar) Taras Sjevtsjenko, Kateryna Pavlenko

«Solovej» (ukrainsk «Соловей», norsk omsetjing 'nattergal') er ein folkelektronika-låt frå 2020 av det ukrainske bandet Go_A. Han vann den ukrainske songtevlinga Vidbir laurdag 22. februar 2020 og skulle ha vore det ukrainske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i 2020. Hadde Eurovision Song Contest vorte arrangert som planlagt, ville det vore fyrste gongen Ukraina hadde delteke med ein song der heile teksta var på ukrainsk.[1]

  1. «Eurovision update: Poland, Ukraine and Slovenia choose their entries» (på engelsk). 24. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne