Solsbury Hill Singel av Peter Gabriel frå albumet Peter Gabriel | ||
B-side |
«Moribund the Burgermeister» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1977 (UK) | |
Innspelt | 1976 | |
Sjanger | Folkrock, progressiv rock | |
Lengd | 4:21 | |
Selskap | Atco Records / Charisma Records | |
Komponist | Peter Gabriel | |
Tekstforfattar | Peter Gabriel | |
Produsent | Bob Ezrin | |
Peter Gabriel-kronologi | ||
- | Solsbury Hill | «Modern Love» (1977)
|
«Solsbury Hill» er ein song av den engelske musikaren Peter Gabriel, om ei spirituell oppleving på toppen av Solsbury Hill i Somerset i England. Gabriel skreiv songen etter at han slutta i det progressive rockebandet Genesis, der han hadde vore frontmann og songar sidan starten av bandet. Trass i det uttrykksfulle og reine synet på toppen av Solsbury Hill, var det nokre ambivalente kjensler med å vere fri eller å gå solo: «And liberty she pirouette when I think that I am free.» Det var debutsingelen hans. Singelen nådde Topp 20 i Storbritannia og Topp 70 på Billboard Hot 100 i USA.
Songen har vorte nytta i mange filmar, som til dømes Vanilla Sky frå 2001,[1] og In Good Company frå 2004.[2] Songen er òg spelt inn av mange andre artistar, som moe., Dave Matthews, Erasure, Sarah McLachlan, Saga og Justin Hines.
Songen går i ein 7/4-takt gjennom det meste av songen. Dei to siste taktane i kvart refreng er i 4/4.