Soomaaliya الصومال As-Sumal (norsk: Somalia, somalisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Soomaaliyeey Toosoow» | ||||||
Offisielle språk | Somali | ||||||
Hovudstad | Mogadishu | ||||||
Styresett |
Republikk Hassan Sheikh Mohamud Abdiweli Sheikh Ahmed | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
637 657 km² (43.) 1,6 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
11 031 386 (85.) 17,3 /km² (166.) | ||||||
Sjølvstende frå Storbritannia og Italia |
1. juli 1960 | ||||||
Nasjonaldag | 1. juli | ||||||
BNP – Totalt (2014) – Per innbyggjar |
4 431 mill. USD (166.) 900 USD (195.) | ||||||
Valuta | Shilling | ||||||
Tidssone | UTC +3 | ||||||
Telefonkode | +291 | ||||||
Toppnivådomene | .so
|
Somalia er eit land på Afrikas horn som grensar til Djibouti, Etiopia og Kenya i vest, har ei kystline mot Adenbukta i nord og ei mot Indiahavet i søraust.
Somalia har lenge vore prega av borgarkrig og staten er i realiteten gått i oppløysing. Det finst inga samla regjering eller andre fungerande statsorgan. Den 10. oktober 2004 valde eit parlament beståande av ulike klanfolk, militsleiarar og forretningsfolk Abdullahi Yusuf, president for Puntland-regionen, til president for heile Somalia. Av tryggingsgrunnar fann møtet stad i Kenya sin hovudstad Nairobi.