Songen Joe's Garage

Joe's Garage
Singel av Frank Zappa
frå albumet Joe's Garage Act I
Språk engelsk
Utgjeve 3. mars 1979
Innspelt 1979
Sjanger Komedierock, progressiv rock
Lengd 6:10
Selskap CBS Records
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
«Bobby Brown (Goes Down)»
(1979)
Joe's Garage «Stick It Out»
(1979)


«Joe's Garage» er ein song av Frank Zappa frå 1979 på albumet Joe's Garage Act I. Songen vart gjeven ut som singel. Etter introsporet, «The Central Scrutinizer» starta denne songen soga på Joe's Garage. Trass i at singelen ikkje gjekk inn på salslista, vart det ein av dei mest spelte songane til Zappa på FM Radio. Songen vart framført på konsertane hans frå 1980 til 1988, i lag med songen «Why Does it Hurt When I Pee?». Singelversjonen av songen manglar mange av spesialeffektane som albumversjonen har. Singelversjonen av «Joe's Garage» vart gjeven ut på samleplata Strictly Commercial.[1]

  1. http://www.allmusic.com/song/joes-garage-mt0011844497

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne