Private Dancer Singel av Tina Turner frå albumet Private Dancer | ||
B-side |
«Keep Your Hands Off My Baby» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. oktober 1984 | |
Innspelt | 1984 | |
Sjanger | Pop, smooth jazz, R&B | |
Lengd | 7:11 | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Mark Knopfler | |
Tekstforfattar | Mark Knopfler | |
Låtskrivar(ar) | Mark Knopfler | |
Produsent | John Carter | |
Tina Turner-kronologi | ||
«Better Be Good to Me» (1984) |
Private Dancer | «I Can't Stand the Rain» (1985)
|
«Private Dancer» er ein song av den amerikanske artisten Tina Turner. Han vart opphavleg skriven for og spelt inn av det britiske rockebandet Dire Straits, og han vart skriven av frontmannen i bandet, Mark Knopfler. Innspelinga til Turner vart produsert av John Carter for det femte soloalbumet Private Dancer (1984). Han vart gjeven ut som den femte singelen frå albumet, og nådde sjuandeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100 og tredjeplassen på US R&B-lista. Songen hadde moderat internasjonal suksess og nådde 26. plassen på UK Singles Chart.
I musikkvideoen spelar Tina Turner ein desillusjonert selskapsdansar, men songen kan òg tolkast som sungen frå perspektivet til ei prostituert dame.[1]