Songen Vienna

Vienna
Singel av Ultravox
frå albumet Vienna
B-side
  • «Passionate Reply»
  • «Herr X» (berre 12"-singel)
Språk engelsk
Utgjeve 9. januar 1981[1]
Innspelt Februar 1980
Studio RAK Studios (London)
Sjanger Synthpop, New Romantic
Lengd
  • 4:37 (singel)
  • 4:53 (album og 12"-versjon)
Selskap Chrysalis
Komponist Chris Cross, Billy Currie, Midge Ure, Warren Cann
Tekstforfattar Midge Ure, Billy Currie, Warren Cann
Låtskrivar(ar)
Produsent
Ultravox-kronologi 
«Passing Strangers»
(1980)
Vienna «All Stood Still»
(1981)


«Vienna» er ein song frå 1980 av det britiske new wave-bandet Ultravox. Han kom ut som den tredje singelen frå det fjerde albumet deira, Vienna, den 9. januar 1981 på Chrysalis Records.[1] Songen låg fire veker på andreplassen på UK Singles Chart utan å nå toppen.[2] Berre John Lennon sin «Woman» den eine veka,[3] og så Joe Dolce-songen «Shaddap You Face» dei neste tre vekene låg føre.[4][5][6] «Vienna» vart rangert som den åttande bestseljande singelen i Storbritannia i 1981.[7] Singelen selte til gullplate i februar 1981[1] for eit salstal på 500 000 eksemplar i Storbritannia. Songen nådde toppen av lista i fleire europeiske land, som Nederland, Belgia og Irland.

Songen vann òg prisen for årets singel i 1981 under Brit Awards. Songen vert rekna som ein slager innan synthpopsjangeren, som vart populær tidleg i 1980-åra. Songen vart framført på Live Aid-konserten deira i 1985 på Wembley Stadium. Songen har vore signaturlåten til Ultravox og den største suksessen deira.

I 2012 vart songen kåra til favorittsingelen til britiske lyttarar på BBC Radio 2 av songar som berre nådde andreplassen.[8]

B-sida til singelen var «Passionate Reply», ein lett, popaktig synthpopsong. 12"-singelen inneheld «Herr X», ein versjon av ein Kraftwerk-aktig song på albumet kalla «Mr. X», sungen på tysk av Warren Cann.

  1. 1,0 1,1 1,2 «BPI > Certified Awards > Search results for 'Ultravox' (page 2)». British Phonographic Industry. Henta 4. september 2020. 
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet occ
  3. «Official Singles Chart Top 75 > 08. februar 1981 - 14. februar 1981». The Official UK Charts Company. Henta 4. september 2020. 
  4. «Official Singles Chart Top 75 > 15. februar 1981 - 21. februar 1981». The Official UK Charts Company. Henta 4. september 2020. 
  5. «Official Singles Chart Top 75 > 22. februar 1981 - 28. februar 1981». The Official UK Charts Company. Henta 4. september 2020. 
  6. «Official Singles Chart Top 75 > 01. mars 1981 - 07. mars 1981». The Official UK Charts Company. Henta 4. september 2020. 
  7. «UK-Charts.Top-Source.Info > Top 100 1981». uk-charts.top-source.info. Henta 4. september 2020. 
  8. Barnes, Anthony (31. desember 2012). «Ultravox hit 'Vienna' named nation's favourite number two single». The Independent. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne