Station to Station Song av David Bowie frå albumet Station to Station | ||
Utgjeve | 23. januar 1976 | |
Innspelt | September–November 1975 | |
Sjanger | ||
Lengd | 10:14 (album) 3:40 (fransk singel) | |
Selskap | RCA | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent |
|
The return of the Thin White Duke
David Bowie (1976)
|
«Station to Station» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Han vart gjeven ut i januar 1976 som tittelsporet og opningssporet på albumet med same namn, og som singel i Frankrike same månaden. Han vart produsert av Bowie og Harry Maslin, og vart skriven og spelt inn i Cherokee Studios i Los Angeles mellom september og november 1975. Songen er den lengste studioinnspelinga til Bowie, like over 10 minuttar lang. Songen opnar med togliknande støy og den første halvdelen av songen er langsam og byggjer seg opp kring ein atonal gitar, før den andre halvdelen tar form som ein prog-disco-suite i ein annan toneart og tempo enn den første delen. Songen er blitt omtalt som kunstrock og er inspirert av dei tyske elektroniske banda Kraftwerk og Tangerine Dream.
Tekstmessig introduserer songen den skumle personen The Thin White Duke, som vart talerøyret for Station to Station og gjennom 1976 ofte for Bowie sjølv. Under innspelinga var Bowie kraftig avhengig av kokain, som vert direkte nemnt i teksten. «Station to Station» referer òg til Kabbalah, okkultisme, gnostisisme, paranoia og andre fikseringa som påverka tankane til Bowie på den tida. Lydeffekten i opninga er eit signal som er meint å representere Krossvegsandakta, som heiter «Stations of the Cross» på engelsk, i lag med eit tidspunkt som knyter saman to forskjellige punkt i karrieren: kombinasjonen av funk og soul frå det førre albumet hans, Young Americans, med den eksperimentelle lyden han kom til å utforske i Berlintriologien hans.»
«Station to Station» har fått generelt god kritikk av musikkpressa, som har hylla både framføringa til bandet og Bowie sjølv. I ettertid er songen rekna som ein av dei beste Bowie-songane, og som albumet han kjem frå, er det rekna som ein indikator på kvar karrieren hans var på veg på den tida. Han spelte songen på Isolar-turneen 1976, ofte i rolla som The Thin White Duke, og har halde fram å spele songen gjennom karrieren. Han vart ommastra i lag med resten av albumet for plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976) i 2016.