Sosialistisk Venstreparti | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Kirsti Bergstø | ||
Generalsekretær | Audun Herning | ||
Grunnlagt | 1975 | ||
Forgjengar | Sosialistisk Folkeparti | ||
Hovudkvarter | Oslo | ||
Ungdomsorg. | Sosialistisk Ungdom | ||
Donasjonar | 13 330 369 (2021)[1] | ||
Medlemstal | 15 952 (2022)[2] | ||
Ideologi | demokratisk sosialisme | ||
Farge | Raud og grøn | ||
Slagord | «For de mange – ikke for de få» | ||
Ordførarar | 1 / 428
| ||
Kommunestyre- representantar | 359 / 10 620
| ||
Fylkestings- representantar | 28 / 777
| ||
Stortings- representantar | 11 / 169
|
Sosialistisk Venstreparti (SV) er eit norsk reformsosialistisk parti stifta 16. mars 1975. I partiprogrammet slår partiet fast at det er eit sosialistisk og feministisk miljøparti. Partileiaren frå 2023 er Kirsti Bergstø og Marian Hussein er nestleiar.[3] Partisekretær frå 2017 er Audun Herning. SV sat i ei koalisjonsregjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet frå 2005 til 2013, i regjeringa Stoltenberg, også kjend som den «raudgrøne regjeringa».
Valresultatet i 2013 var eit venta nederlag for partiet. Etter åtte år i den raudgrøne regjeringa heldt SV seg så vidt over sperregrensa, med ein oppslutnad på 4,1 prosent. Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015 fekk SV høvesvis 4,1 og 4,2 prosent av røystene. Det var same oppslutnad som ved valet i 2011. Til tross for det svake valresultatet gjekk SV inn i byrådssamarbeid med Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne i Oslo. Marianne Borgen vart ordførar, og er dimed den fyrste frå SV som har oppnådd ein så høg politisk posisjon i den norske hovudstaden.[4]
SV var ved sida av Senterpartiet den store vinnaren ved stortingsvalet i 2017. SV fekk 6,0 prosent oppslutnad og elleve representantar. Det var ein framgang på 1,9 prosentpoeng frå valet i 2013, då partiet fekk sju representantar.
Ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Venstreparti heiter Sosialistisk Ungdom (SU). Leiar frå juni 2018 er Andreas Sjalg Unneland.