Spaatz Island | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 73°12′S 75°0′W / 73.200°S 75.000°W | ||
Lengd | 80 km | ||
Areal | 4 100 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Spaatz Island 73°12′S 75°00′W / 73.2°S 75°W | |||
Spaatz Island er ei stor isdekt øy i Antarktis. Ho ligg sørvest for Aleksanderøya og vest for starten på Den antarktiske halvøya, nær kysten av Palmer Land, 50 km aust for Smyley Island. Ho er 80 km lang og 40 km brei og dekkjer eit areal på kring 4 100 km².
Nordsida av øya utgjer den sørlege grensa til Ronne Entrance og resten av øya ligg kring isbremmane i Stange Sound og George VI Sound. Finn Rønne og Carl Eklund frå U.S. Antarctic Service (USAS) (1939-41) hadde ein hundeslede tur på nordsida av øya i desember 1940. Ho vart fotografert frå lufta og først kartlagd som ei øy av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) (1947-48) under Finn Rønne. Ho vart namngjeven av Rønne etter general Carl Spaatz, stabssjef, USAAF, som var med på å skaffe fly til RARE.