|
![](//upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7c/EuroEspa%C3%B1a.svg/125px-EuroEspa%C3%B1a.svg.png)
|
Offisielt |
Spania
|
|
Uttakingar
|
Deltaking
|
Debutår |
1961
|
Deltakingar |
60
|
Beste resultat
|
Finalen |
1 (1968 og 1969)
|
Verste resultat
|
Finalen |
Sist (1962, 1965, 1983, 1999 og 2017)
|
Poeng
|
Totalt |
2 798
|
Spania debuterte i Eurovision Song Contest i 1961 og deltok i 2021 for 60. gong. Spania er ein av «dei fem store» – ei gruppe på fem land som er automatisk kvalifiserte til finalen på grunn av sine store økonomiske bidrag til tevlinga. Sidan debuten i 1961 har Spania delteke kvart einaste år. Berre Storbritannia har delteke lenger samanhengande, sidan 1959.[1]
Spania har vunne Eurovision Song Contest to gongar, i 1968 og 1969. Av alle deltakarlanda som har vunne Eurovision Song Contest, er Spania per 2021 det landet som har hatt den lengste sigerstørka i historia til tevlinga, med 52 år utan ein siger. Frå 2015 har Spania vore blant dei fem lågaste plasserte landa på resultatlista, inkludert ein sisteplass i 2017.
- ↑ «Spain – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 29. november 2016.