Sparks | |||
![]() Sparks på TopPop, 1974. Ron Mael (venstre) og Russell Mael | |||
Alias | Halfnelson | ||
---|---|---|---|
Opphav | Pacific Palisades i California i USA | ||
Aktiv | Sidan 1966 | ||
Sjanger | |||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Tidlegare medlemmer |
|
Sparks er ein amerikansk pop- og rockeduo danna av brørne Ron (klaverinstrument) og Russell Mael (vokal) i Los Angeles. Duoen er kjent for den sære tilnærminga si til låtskriving[1] og musikken deira er ofte akkompagnert av sofistikerte og skarpe tekstar, ofte om kvinner, og nokre gangar med litterære referansar,[2] og eit idiosynkratisk, teatralsk scenenærvær, karakterisert av kontrasten mellom den animerte, hyperaktive frontmannen og Ron si uttrykkslause skuling. Russell Mael har ei særeigen stemme, medan Ron Mael speler tangentar i ein intrikat og rytmisk stil. Dei har vore mykje meir suksessrike i Europa enn i heimlandet USA, sjølv om dei held oppe ei lojal fanskare i USA.
Høgdepunkt frå tidleg karriere inkluderte «This Town Ain't Big Enough for Both of Us», som nådde andreplassen på UK Singles Chart i 1974. Discohiten «The Number One Song in Heaven» i 1979 kom frå eit samarbeid med Giorgio Moroder og markerte eit stilistisk skifte mot new wave og synth-pop. «When I'm With You», som kom på dei australske og franske singellistene i 1980; singelen «I Predict», som var første gongen Sparks gjekk inn på Billboard Hot 100, og nådde 60. plassen i mai 1982; singelen «Cool Places» frå 1983 med rytmegitaristen og songaren frå The Go-Go's, Jane Wiedlin, og «When Do I Get to Sing 'My Way'» , som var ein av dei mest spelte songane på radio i Tyskland i 1994.[3]
Deira ofte skiftande stilar og visuelle presentasjonar har halde bandet i forkant av moderne, kunstferdig popmusikk.[4][5] I 2002 kom Lil' Beethoven, som duoen sjølv erklærte som eit «sjangerdefinerande opus»,[6] smelta saman repeterande songstrukturar med orkestrale arrangement, og gav dei fornya kritikarsuksess. I 2015 gav bandet ut eit album med det skotske indierockbandet Franz Ferdinand , som supergruppa FFS, med tittelen FFS. I 2017 vende Sparks attende til rocken med Hippopotamus, som gjekk inn på UK Albums Chart på sjuandeplassen,[7] det same gjorde deira neste album, A Steady Drip, Drip, Drip, som kom i 2020, og førte talet på topp 10-plasseringar i Storbritannia opp til fire. I 2021 var Sparks involvert i to filmar: Leos Carax-musikalfilmen Annette som dei skreiv alle songane for (vann César-prisen for beste originalmusikk), og Edgar Wright-dokumentaren The Sparks Brothers som fortel om historia til bandet.[8][9]