Spellemannprisen er ei prisutdeling til norske musikkartistar som har utmerkt seg positivt det føregåande året. Utdelinga vart etablert på initiativ frå det norske IFPI (internasjonal organisasjon for platebransjen). Prisen vart delt ut fyrste gong i 1973 for plateåret 1972, og har vore delt ut kvart år sidan. Utdelinga blir skipa av Spellemannskomiteen som er vald ut av IFPI Noreg og FONO.
Prisane blir delt ut for 17 ulike klassar etter sjangrar, tre prisar til årets opphavsmenn («årets samtidskomponist», «populærkomponist» og «tekstforfattar») og fire prisar til tillegsklassar («Årets spellemann», «nykomar», «hit» og «musikkvideo»). Dessutan tek komiteen stilling til om det skal delast ut heiderspris og bransjepris. For kvar av klassane vert det nemnt ut ein fagjury der samansetninga blir heldt skjult for dei og for folk utanfor. Fagjuryane vedtek kven av dei påmeldte artistane og platene som skal bli nominert i dei ulike klassane med å tildele dei poeng. Til vanleg blir det nominert tre stykke i kvar klasse. Fagjuryen røystar så fram ein vinnar som får ein bronsestatuett og diplom.
Ein eigen fagjury nominerer opp til ti videoar til årets musikkvideo mens Spellemannkomiteen sjølv nominerer artistar til kategoriane «årets hit» og «årets nykomar». Vinnar av «årets hit» og «årets musikkvideo» blir kåra av publikum, som får røyste, mens komiteen sjølv kårar vinnaren av «årets nykomar». Spellemannkomiteen kårar også «Årets spellemann», der det ikkje blir kunngjort nokon nominasjon på førehand.