Spellemannprisen 1980

Spellemannprisen 1980 vart delt ut våren 1981. Skodespelaren Kari Diesen fekk heidersprisen frå juryen dette året. I eit forsøk på å take omsyn til stadig nye retningar innanfor rock, vart det innført ei to-deling av rock-klassen. Denne delinga varte berre i to år. Dette året vart det delt ut pris for beste barneplate, etter at klassen hadde hatt eit fråvær på tre år.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne