Spinning Wheel Singel av Blood, Sweat & Tears frå albumet Blood, Sweat & Tears | ||
B-side |
More and More | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1969 | |
Innspelt | 9. oktober 1968 | |
Sjanger | Jazzfusion, poprock, psykedelisk rock | |
Lengd | 4:05 (album) 3:26 (kvadrofonisk) 2:39 (singel) | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | David Clayton-Thomas | |
Tekstforfattar | David Clayton-Thomas | |
Låtskrivar(ar) | David Clayton-Thomas | |
Produsent | James William Guercio | |
Blood, Sweat & Tears-kronologi | ||
«You've Made Me So Very Happy» (1969) |
Spinning Wheel | «And When I Die» (1969)
|
Spinning Wheel Singel av Peggy Lee frå albumet A Natural Woman | ||
B-side |
Lean on Me | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1969 | |
Sjanger | Jazzfusion, poprock | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | David Clayton-Thomas | |
Tekstforfattar | David Clayton-Thomas | |
Låtskrivar(ar) | David Clayton-Thomas | |
Produsent | Phil Wright | |
Peggy Lee-kronologi | ||
«Big Spender» (1969) |
Spinning Wheel | «Is That All There Is?» (1969)
|
«Spinning Wheel» er ein song frå 1968 av det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears. Songen vart skriven av den kanadiske songaren deira, David Clayton-Thomas, og kom ut på albumet Blood, Sweat & Tears.
Songen vart gjeven ut på singel i 1969 og nådde andreplassen på den amerikanske Billboard Hot 100 i juli det året, der han låg i tre veker.[1] «Spinning Wheel» vart halde borte frå toppen av lista av både «The Love Theme from Romeo and Juliet» av Henry Mancini og «In the Year 2525» av Zager and Evans.[2] I august det året toppa songen Billboard Easy Listening-lista i to veker.[3] Songen nådde òg 45. plassen på US R&B-lista.
«Spinning Wheel» vart nominert til tre Grammyprisar i 1970, og vann kategorien beste instrumentale arrangement. Arrangøren for songen var saksofonisten Fred Lipsius. Songen vart òg nominert til årets singel og årets song. Albumet vann prisen for årets album.
Songen endar med den austerrikske melodien «O Du Lieber Augustin» («Jo mere vi er sammen» eller «Did You Ever See a Lassie?») frå 1815.[4] Heilt til slutt kan ein høyre trommeslagaren Bobby Colomby sei: «That wasn't too good», etterfølgd av latter frå resten av gruppa.