Royal Gold Cup eller St. Agnes-koppen er eit drikkekar i massivt gull som er dekt med emalje og perlar. Karet blei laga for den franske kongefamilien på slutten av 1300-talet, og har seinare tilhøyrt fleire engelske monarkar før det var nesten 300 år i Spania. Det har vore ved British Museum sidan 1892, der det normalt er stilt ut i Room 40. Det er blitt skildra som «den einaste overlevande kongelege storslåttheita frå internasjonal gotikk».[1] Ifølgje Thomas Hoving, ein tidlegare leiar for Metropolitan Museum of Art i New York, er dette «den mest spektakulære» av alle fyrstejuvelane og gullgjenstandane som har overlevd av store kongelege skattar.[2]