St. Gallen

St. Gallen
by
St. Gallen-katedralen og gamlebyen.
Våpenskjold
Land  Sveits
Distrikt St. Gallen
Areal 39,41 km²
Folketal 78 213 (31. desember 2023)[1]
Språk tysk
ISO 3166-2 kode CH-SG
Postnummer 9000
Kart
St. Gallen
47°25′24″N 9°22′38″E / 47.423333333333°N 9.3772222222222°E / 47.423333333333; 9.3772222222222
Wikimedia Commons: St. Gallen

St. Gallen[a] er ein by og ein kommune og hovudstad i kantonen St. Gallen i Sveits. Kommunen har 72 959 innbyggjarar (2010) og eit areal på 39 km². Byen ligg 675 meter over havet.

St. Gallen ligg ved elva Steinach, ei elv som munnar ut i Bodensjøen. Byen var grunnlagd på 600-talet og vaks opp rundt St. Gallen-klosteret, som vart skipa på 700-talet.[2] Bynamnet St. Gallen er etter vandrarmunken Gallus, så byen vert også kalla Gallusstadt.

I dag er byen rekna som det kulturelle og økonomiske senteret i Aust-Sveits. Han ligg på aksen mellom hovudårane St. Margrethen-Rorschach-St. Gallen-Winterthur-Zürich og Romanshorn-St. Gallen-Rapperswil-Luzern, og er ein inngangsport til Appenzell-regionen. Største turistmåla i byen er stiftskyrkja og katedralen, det gamle St. Gallen-klosteret og stiftsbiblioteket. Alle bygningane er på verdsarvlista til UNESCO.

Flyfoto av St. Gallen.
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Ständige Wohnbevölkerung nach Staatsangehörigkeitskategorie, Geschlecht und Gemeinde, definitive Jahresergebnisse, 2023»; utgjevingstidspunkt: 22. august 2024; vitjingsdato: 14. september 2024.
  2. Ernst Tremp: Sankt Gallen (Fürstabtei)tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera. Versjon frå 2017-03-16.


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>-merke vart funne


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne