Stammelunnar

Stammelunnar.

Ein stammelunnar er ein traktor konstruert for lunning og framkøyring av tømmer.

Stammelunnaren er konstruert for framkøyring av heile stammar, men dei vert òg bruka til framkøyring av kappa tømmer. Lunnaren er utstyrt med vinsj, oftast med to tromlar, og frå tromlane kan køyraren dra ut ståltau med kjettingstropper som han festar til stammane. Ved somme høve bør ein stroppe tømmeret i toppen, andre gonger i rotenden.

Stammelunnar i arbeid. Lunningspanna hindrar tømmret, som heng i ståltau i å gjera skade på maskina.

Stammelunnaren er oftast utstyr med rammestyring.

Framdrift av heile stammar med stammelunnar på tien mark har ofte gjeve djupe køyrespor i skogen. Etter at hogstmaskinane gjorde inntog i skogbruket, har det vorte mindre vanleg med heilstammedrift, og lastetraktorar har tatt over for stammelunnaren.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne