Stanley Clarke | |||
![]() Stanley Clarke på Leverkusener Jazztage (Tyskland), 7. november 2016 | |||
Fødd | 30. juni 1951 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Philadelphia i USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1966 | ||
Sjanger | Jazz, jazzfusion, funk, rock, R&B | ||
Instrument | Kontrabass, bassgitar | ||
Tilknytte artistar | Return to Forever, The New Barbarians, George Duke, Animal Logic, Trio!, SMV | ||
Plateselskap | Nemperor, Epic, Heads Up, Mack Avenue, Elektra | ||
Verka som | Musikar, komponist | ||
Prisar | NEA Jazz Masters |
Stanley Marvin Clarke (fødd 30. juni 1951) er ein USA-amerikansk bassist, filmkomponist og opphavleg medlem av Return to Forever, eit av dei første jazzfusionbanda. Clarke førte bassgitaren fram i lyset i jazzrelatert musikk. Han er den første jazz-fusionbassisten som stod øvst på plakaten på turnear med utselde konsertar verda over og innspelingar som selde til gullplate.[1][2][3]
Clarke har vunne Grammy-prisen fem gonger og blitt nominert 15 gonger, tre av dei som soloartist.[4][5]
Ein av dei elektriske bassane til Stanley Clarke er på permanent utstilling ved National Museum of African American History and Culture i Washington, D.C.[6][7][1]