Starefamilien

Starefamilien
Masaistare Lamprotornis hildebrandti Foto: Noel Feans
Masaistare
Lamprotornis hildebrandti
Foto: Noel Feans
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Starefamilien Sturnidae
Rafinesque, 1815

Starar er små til middels store sporvefuglar i familien Sturnidae. Namnet «Sturnidae» kjem frå det latinske ordet for starar, sturnus. Mange afrikanske artar er kjende som glansstarar på grunn av den iriserande effekten ein ser i fjørdrakta. Familien inkluderer òg mange store artar i Asia med fellesnamnet myna på engelsk. Starar finst naturleg i den gamle verda, frå Europa, Asia og Afrika, til nordlege Australia og øyane i det tropiske Stillehavet. Fleire europeiske og asiatiske artar har vorte introduserte til desse områda, så vel som til Nord-Amerika, Hawaii og New Zealand, der dei vanlegvis konkurrerer med innfødde fuglar innanfor felles habitat. Ein art er kjend for dei fleste menneska i Europa og Nord-Amerika, det er den europeiske staren. Gjennom store delar av Asia og Stillehavet er hyrdestare vanleg.

Starar har kraftige føter, flyginga er sterk og direkte, og dei er mykje sosiale. Føretrekte habitat er ganske ope land, føda er mest insekt og frukt. Fleire artar lever nær menneskebustader der dei er altetande fuglar. Mange artar søkjer etter byttedyr som biller ved å setje nebbet inn i ein sprekk og deretter presse opp nebbet, og utvidar dermed holet til dei får tilgang til byttedyret i sprekken.[1]

Fjørdrakta til mange artar er vanlegvis mørk med ein metallisk glans. Dei fleste artane hekkar i hòl, og legg blå eller kvite egg.

Starar har mangfaldige og komplekse lydar, og har vore kjende for å leggje inn lydar frå omgivnadene i sine eigne songar, inkludert bilalarmar og menneskeleg talemønster. Fuglane kan gjenkjenne bestemte individ på lætet deira, og er for tida gjenstand for forsking på utviklinga av menneskeleg språk.[2]

  1. R. East and R. P. Pottinger (November 1975). «(Sturnus vulgaris L.) predation on grass grub (Costelytra zealandica (White), Melolonthinae) populations in Canterbury». New Zealand Journal of Agricultural Research (The Royal Society of New Zealand) 18 (4): 417–452. ISSN 0028-8233.  (Sjå s. 429.)
  2. Zimmer, Carl. "Starlings' Listening Skills May Shed Light on Language Evolution". The New York Times, 2. mai 2006. Henta 25. januar 2012.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne