Station to Station Studioalbum av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. januar 1976 | |
Innspelt | September–november 1975 | |
Studio | Cherokee, Los Angeles | |
Sjanger | ||
Lengd | 37:54 | |
Selskap | RCA | |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Young Americans (1975) |
Station to Station | Changesonebowie (1976)
|
Singlar frå Station to Station | ||
|
Station to Station er det tiande studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut 23. januar 1976 av RCA Records. Det vert ofte rekna som eit av dei viktigaste albuma hans og er kjent for å introdusere den siste store «rollefiguren» til Bowie, The Thin White Duke. Innspelingane vart produserte av Bowie og Harry Maslin. Dei gjekk føre seg i Cherokee Studios i Los Angeles i California i siste halvdelen av 1975, etter at Bowie var ferdig med innspelinga av Nicolas Roeg-filmen The Man Who Fell to Earth. Biletet på plateomslaget er eit stillbilete frå filmen. Under innspelinga var Bowie kraftig påverka av dop, særleg kokain, og hevdar sjølv at han ikkje hugsa mykje av henne.
Musikalsk var Station to Station eit overgangsalbum for Bowie, der han utvikla funk- og soulmusikken frå det førre albumet Young Americans, med ei ny retning direkte inspirert av tyske elektroniske band som Kraftwerk og Neu!. Tekstane på albumet spegla emne Bowie var oppteken av, som Friedrich Nietzsche, Aleister Crowley, mytologi og religion. Med ei blanding av funk og Krautrock, romantiske balladar og okkultisme, har Station to Station vorte skildra som «både eit av dei mest tilgjengelege og utilgjengelege albuma til Bowie på same tid».[1] Bowie sjølv har sagt at Station to Station var «ei bøn om kome attende til Europa for meg.»[2]
Med singelen «Golden Years», som kom ut før albumet, nådde det topp fem på albumlistene i både Storbritannia og USA. Etter utgjevinga la Bowie ut på Isolar-turneen, der han ofte stod på scenen i rolla som The Thin White Duke. Då albumet var fullført, flytta Bowie til Berlin for å kome seg bort frå dopkulturen i Los Angeles. Musikkstilane utforska på Station to Station kulminerte med dei mest kritikarroste albuma hans, den såkalla Berlintriologien, spelt inn med Brian Eno i løpet av dei tre neste åra.
I 2020 vart albumet rangert på 53. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Albumet har blitt gjeve ut fleire gonger og vart ommastra i 2016 som ein del av plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976).