Statsbankerotten er den vanlegaste og folkelege nemninga på pengereforma som vart innført i Danmark-Noreg i 1813 etter den alvorlige penge- og finanspolitiske situasjonen landet var kome i som følgje av den kostbare deltakinga si i Napoleonskrigane, særleg i Kanonbåtkrigen frå 1807. Finansieringa av krigshandlingane hadde medført ein kraftig inflasjon som særleg ramma landet etter 1810.[1][2] Inflasjonen hadde særleg konsekvensar for lønnstakarar, som fekk drastiske fall i reallønna si, medan landbruksyrke i stor grad var sjølvforsynande.[1][2][3]
Dei enorme utgiftene i samband med Napoleonskrigane leidde til at staten frå 1807 trykte opp store tal pengesetlar, noko som førte til ein inflasjon ein ikkje klarte å kontrollere. Mynteininga riksdalar vart gjeven ut av den statseigde kurantbanken. I 1813 vart situasjonen så utoleleg at ein måtte gjera noko nytt for å reise att tilliten til pengane.
Staten oppretta ein ny bank, Rigsbanken (frå 1818 Nationalbanken). Rigsbanken utstedte ein ny valuta, riksbankdalaren, som over ei årrekkje skulle erstatte kurantdalaren.