Statslaus

Statslaus vil seia at ein ikkje er rekna som statsborgar i noko land.[1] Dette medfører at den statslause manglar diplomatisk vern frå ein heimstat, samfunnsrettar og vil ha store problem med å kryssa grenser.[2][3]

Ein kan bli statslaus fordi ein er fødd inn i ei folkegruppe som blir nekta eller fråteken statsborgarskap,[2] eller ved at foreldra sine heim- og/eller opphaldsland har motstridande reglar for å gje statsborgarskap.[3] Ein kan også mista statsborgarskapen gjennom utvandring, utvising eller liknande utan å ha fått statsborgarskap i eit nytt land. Menneskerettserklæringa slår fast at einkvar har rett til ein nasjonalitet (innforstått statsborgarskap), og at ingen vilkårleg må mista denne. Folkeretten har likevel ikkje eit eigentleg forbod mot å oppheva statsborgarskap.[2]

Statslause flyktningar kunne frå 1920-åra få Nansen-pass, gjevne ut av Folkeforbundet og godkjende av ei rekkje land. I dag har SN si flyktningetenesre, UNCHR, ansvar for reisedokument og busettingsland til desse.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SNL
  2. 2,0 2,1 2,2 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Danske
  3. 3,0 3,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Information

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne