Statue (frå fransk statue, latin statua, 'støtte' eller 'biletstøtte', jfr statuo, 'setja fram' eller 'stille opp') er ei skulpturell avbilding av ein skikkelse, ofte menneske eller dyr. Statuar kan til dømes framstilla viktige personar, personleggjorte idear eller gudar, og blir ofte sette opp på offentlege stader. Dei kan vera rein pynt, men er ofte meint å æra det dei framstiller, og er ofte monument som symboliserer guddommeleg eller statleg makt.
Ein liten statue blir kalla ein statuett. Ei skulpturell framstilling av eit hovud er ei byste, medan ein statue av berre ein kropp blir kalla ein torso.