Stavanger Oilers

Logoen til Stavanger Oilers

Stavanger Oilers er ein norsk ishockeyklubb frå Stavanger og spelar i GET-ligaen. Stavanger Ishockeyklubb er klubben sitt offisielle namn. Klubben nyttar likevel Oilers som sitt namn og merkevare i dei fleste samanhengar. Finske Hartti Kristola starta Stavanger Oilers i 2001, og klubben blei utelukkande driven av pengar frå hans lomme. Kristola eigde og stod for finansieringa av klubben fram til han trekte seg i 2004. No er Tore Christiansen Oilers-eigar. Klubben kom til sin fyrste finale i sluttspelet i sesongen 2005/06, men tapte då 0-4 i kampar for Vålerenga. Sesongen 2009/10 vann klubben sluttspelet ved å slå Vålerenga 4-2 i kampar og blei noregsmeister for fyrste gong. Klubben spelar sine heimekamper i Siddishallen. Jari Kesti og Tomi Souniemi er begge rekna som legender i Stavanger Oilers og har fått freda sine tidlegare draktnummer, #7 og #22, i tillegg til at ein har hengt opp to drakter i Siddishallen for å heidre dei.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne