Steamy Windows

Steamy Windows
Singel av Tina Turner
frå albumet Foreign Affair
Utgjeve November 1989
Innspelt 1989
Sjanger Rock
Lengd 4:03
Selskap Capitol
Tekstforfattar Tony Joe White
Låtskrivar(ar) Tony Joe White
Produsent Dan Hartman
Tina Turner-kronologi 
«I Don't Wanna Lose You»
(1989)
Steamy Windows «Look Me in the Heart»
(1990)


«Steamy Windows» er ein song av Tina Turner på albumet Foreign Affair frå 1989. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i november 1989, og den tredje singelen i Storbritannia og Irland i februar 1990. Han var skriven av Tony Joe White og produsert av Dan Hartman, og er kjend for den mektige vokalen. Songen vart ein hit i Belgia og Irland, der han nådde topp 10, og han nådde topp 40 i dei fleste landa han vart gjeven ut.

Singelen inneheldt òg ein dance-versjon av songen produsert og miksa av Justin Strauss og Murray Elias og han vart òg gjeven ut som ein eigen remix-singel i somme land. Han vart to år seinare spelt inn av countryartisten John Anderson for albumet Seminole Wind og sidan av countryartisten Kenny Chesney. Turner framførte songen som opningssnummer på konsertane hennar i 1990, 1993 og 2008/2009.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne