Steeleye Span

Steeleye Span

Steeleye Span under Fairport's Cropredy Convention i 2006
OpphavEngland
Aktiv1969 til i dag
SjangerFolkrock
PlateselskapPark Records, Shanachie Records, Chrysalis Records, Flutterby Records, Mooncrest Records, B & C Records
MedlemmerPeter Knight
Rick Kemp
Maddy Prior
Liam Genockey
Pete Zorn
Julian Littman
Tidlegare medlemmerKen Nicol
Bob Johnson
Tim Hart
Tim Harries
Gay Woods
Nigel Pegrum
Ashley Hutchings
Martin Carthy
John Kirkpatrick
Terry Woods
Terl Bryant
Michael Gregory
Mark Williamson
Chris Staines

Steeleye Span er eit engelsk folkrockband, danna i 1969 og framleis aktive i dag. I lag med Fairport Convention er dei av dei mest kjende banda innan britisk folkrock som framleis held på i dag, og var av dei mest kommersielt suksessrike på grunn av hitsinglane «Gaudete» og «All Around My Hat». Dei fekk tre album inn på Topp 40 i Storbritannia og fekk gullplate for «All Around My Hat».

Namnet Steeleye Span kjem frå ein karakter i den tradisjonelle songen «Horkstow Grange» (som dei ikkje spelte inn før albumet med same namn i 1998). Songen fortel om ein kamp mellom John «Steeleye» Span og John Bowlin. Ein trur ikkje nokon av dei verkeleg skal ha eksistert. Martin Carthy gav Tim Hart ideen om bandnamnet. Då dei bandet diskuterte namn stod det mellom «Middlemarch Wait», «Iyubidin's Wait» og «Steeleye Span». Sjølv om det berre var fem bandmedlemmer dukka det opp seks stemmesetlar og «Steeleye Span» vann. Først i 1978 innrømde Hart at han hadde stemd to gonger. Terry Woods fortel at medlemmane vart samde om at om meir enn ein person forlet bandet, så skulle resten av bandet skifte namn, og han vart oppskaka då dette ikkje skjedde då han og Gay Woods forlet bandet.

Gjennom den lange historia deira har Steeleye Span hatt mange besetningar, men likevel hatt ein sterk kontinuitet. Solovokalist Maddy Prior var ein av hovudattraksjonane i musikken til bandet, og var ein av få sterke, men melodiske kvinner i rockemusikken i 1970-åra i lag med Sandy Denny, Annie Haslam frå Renaissance, Jacqui McShee, Linda Ronstadt og Linda Thompson.

Eit typisk album av Steeleye Span består hovudsakleg av tradisjonelle songar med ein eller to instrumental av ein jig eller ein reel. Dei tradisjonelle songane er ofte ein av Child-balladane.På seinare album har dei i aukande grad spelt inn sine eigne songar, men dei har aldri gått bort frå tradisjonell musikk.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne