Steik

Steiking av okse på spyd over eld. Engelsk vitseteikning frå 1700-talet med tittelen The Household, or who rules the roast!
Gåsesteik

Steik (av norrønt steik) er ein matrett av eit større stykke kjøt som typisk er steikt i omn eller over eld.[1][2]

I nokre høve kan ein bruka eit heilt dyr til steik. Elles bruker ein visse større stykkingsdelar, eller ruller tynne stykke saman til rullesteik.[3][4] Ein bind ofte opp eller dresserar kjøtstykket ein skal nytta til steik.

Ein kan laga steik i varm steikjeomn på nokså kort tid, men kan også nytta langtidssteiking på lågare temperatur.[5] Denne kan ta mange timar, men gjev svært mørt kjøt.[6][7]

Steik er ein tradisjonell søndagsmiddag fleire stader.[8][9] Ein kunne la steika vera i omnen før ein gjekk i kyrkja og ha retten klar etter kyrkjegangen. Steika kunne så vera utgangspunkt for matretter seinare i veka.[10] Steik kan også vera festmat, til dømes til middagsselskap, jul eller nyttår.[11][12][13]

  1. «steik» i Nynorskordboka.
  2. «Steinkoking». Renmat.no. Henta 1. mars 2019. 
  3. Kogebog, Alletiders, «Gammeldags rullesteg med svesker fra Alletiders Kogebog blandt mere end 6.000 opskrifter med billeder.», Alletiders Kogebog, henta 1. mars 2019 
  4. «Danske Slagtehuse - Rullesteg», slagtehuse.dk, henta 1. mars 2019 
  5. «Langtidssteking av kjøtt», www.matprat.no (på norsk), henta 1. mars 2019 
  6. «Sauté, steiking i omn, steiking i panne, spyd og grill - Kokk- og servitørfag Vg2 - NDLA», ndla.no, henta 1. mars 2019 
  7. «Ølbraisert stek av høyrygg», Oppskrift.no (på norsk), henta 1. mars 2019 
  8. Ringvold, Amund; Høberg, Eva Narten (14. mai 2018). «norsk mat og matkultur». Store norske leksikon (på norsk). 
  9. «Perfect Irish Sunday roast recipe for Prime Ribs Day», IrishCentral.com (på engelsk), 27. april 2018, henta 1. mars 2019 
  10. Hill, Amelia; correspondent, social affairs (18. august 2007). «How Friday saved the Sunday roast». The Observer (på engelsk). ISSN 0029-7712. 
  11. Askomat (20. juli 2018), «Skal du ha selskap? Bestill maten frå ASKO Mat», ASKO Mat (på engelsk), henta 1. mars 2019 
  12. «Reinsdyrstek med viltsaus», www.matprat.no (på norsk), henta 1. mars 2019 
  13. «Helstekt and», www.matprat.no (på norsk), henta 1. mars 2019 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne