Steiking

Kvinne steiker mat i Sudan.

Steiking er ein måte å laga til mat på som nyttar sterk varme og ikkje hovudsakleg er koking i vatn. Ein kan steika noko direkte over eld, på spyd eller grill, på panne eller takke, eller i omn. Ein kan steika ei rekkje ulike mattypar. Nokre av dei har namn som reflekterer tillaginga, som steik, steikeball, steikefisk, steikegraut og wok.

Ein steiker gjerne med feitt, anten i form av tilført matfeitt eller i feittet råvara inneheld. Ettersom feitt kan nå høgare temperaturar enn vatn utan å gå over til gass, kan ein også oppnå svært høge temperaturar ved steiking. Dette kan føra til ulike reaksjonar, som karamelisering av sukker eller maillardreaksjonar der sukker og aminosyrer fører til bruning av utsida til maten og utvikling av ein særskild smak. Det gjer også at oppvarmingsprossessen kan gå fortare og at ein reduserer vassinnhaldet i matvarene, slik at steikt mat gjerne får ein karakteristisk sprø konsistens.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne