Stella Mwangi | |||
![]() | |||
Fødd | 1. september 1986 (38 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Nairobi | ||
Alias | Stella Mwangi | ||
Opphav | Kenya, Noreg | ||
Aktiv | 2011– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | piano, vokal | ||
Stemmetype | alt | ||
Verka som | songar, gitarist, pianist, modell, songar-låtskrivar, rappar |
Stella Nyambura Mwangi[1] (fødd 1. september 1986 i Nairobi) er ein norsk-kenyansk rappar og musikar. Ho skriv ofte om situasjonen i heimlandet, men òg om diskrimineringa både ho sjølv og familen hennar vart utsette for etter at dei flytta til Noreg i 1991. Arbeidet hennar er mellom anna brukt i filmane American Pie og Save the Last Dance, og i fjernsynsseriane CSI New York og Scrubs.[2]
Mwangi har vore på hitlistene både i Kenya, Senegal, Gambia, Sør-Afrika og Noreg.[3] Ho vann Kisima-prisen for beste nye artist i 2006,[3][4] og har sunge for Nelson Mandela under støttekonserten 46664 Arctic i Tromsø.[2]
I 2008 gav ho ut albumet «Living for Music». Albumet fekk blanda mottaking i Noreg, og kom ikkje inn på VG-lista.[5][6] Til gjengjeld vart det lagt merke til i Kenya.[4]