Stemorsblom | |
![]() Stemorsblom i blanda skog. Foto: Kjetil Lenes
| |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vierordenen Malpighiales |
Familie: | Fiolfamilien Violaceae |
Slekt: | Fiolslekta Viola |
Art: | Stemorsblom V. tricolor |
Vitskapleg namn | |
Viola tricolor |
Stemorsblom eller natt-og-dag (lat. Viola tricolor) er ein eit- eller toårig fiol, opp til 15 cm. høg. Blomstrar mest heile året, berre det ikkje blir for vått. Mest vanleg i sør-Noreg; havstrand, vegkant, berg, skogbryn.
Stemorsblom er brukt i folkemedisinen mot hudsjukdommar, luftvegskatarr, kikhoste, blærekatarr og som urindrivande middel. Han er dessutan eit symbol på «den frie tanken» innanfor livssynshumanismen.